NHOs kompetansebarometer: Verksemdene med ingeniør- og tekniske fag, IKT eller handverksfag har det høgaste udekte kompetansebehovet

Mangel på arbeidskraft er framleis den viktigaste årsaka til udekt kompetansebehov. Fleire verksemder med behov for personar med kompetanse innan ingeniør- og tekniske fag har høgt udekt kompetansebehov.

Det viser ein ny NIFU-rapport som presenterer hovudfunna frå NHOs kompetansebarometer for 2024. Dette er ei undersøking av kompetansebehova til NHOs medlemsbedrifter, og har vore gjennomført kvart år sidan 2014. 

Nesten alle verksemder har i ein eller annan grad eit udekt kompetansebehov, men det udekte kompetansebehovet er svært stabilt. 

Om lag to tredjedelar av verksemdene har rekruttert personar frå grupper med meir utsett tilknyting til arbeidslivet det siste året, men få har rekruttert personar som treng fysisk tilrettelegging. Verksemder med eit høgt, udekt kompetansebehov eller som har forsøkt å få tak i arbeidskraft utan hell rekrutterer likevel ikkje meir frå desse gruppene. Verksemder med særskilde tiltak for tilrettelegging eller rekruttering har i klart større grad rekruttert personar frå meir utsette grupper.

Digital sikkerheit, samarbeid og kommunikasjon er dei viktigaste IKT-områda som verksemdene har behov for. Kunstig intelligens er viktig for ein avgrensa del av arbeidslivet, men er til gjengjeld svært viktig for denne. 

Spesialisert IKT-kompetanse er viktig for ein femtedel av verksemdene, men er særleg knytt til ein del spesialiserte område. Mange verksemder opplever at digital teknologi endrar arbeidsoppgåver, arbeidsprosessar eller kompetansebehova i verksemda, og dette kan hengje saman med at verksemdene opplever mangel på IKT-kompetanse. 

Prosjektet er gjennomført på oppdrag frå Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO). I tillegg til at NIFU presenterer enkelte viktige funn i denne rapporten, presenterer vi heile materialet for årets undersøking på internett

«Kompetanse og arbeidskraft: Innsikter frå NHOs Kompetansebarometer 2024» (2025:2)

For mer informasjon, kontakt:
Jon Furholt, forsker 2
957 58 534 
jon.furholt@nifu.no